Eg står med auga att og kjenner sola varmar meg i nakken. Når eg opnar augo, har det dukka opp nye klynger med krokus i kvitt og lilla.
Menneska snakkar meir med kvarandre, stoppar opp, trakkar søndagstakta i søndagsstasen.
I eit lunt fjøs ligg ei mor og stønner, menneske og dyr er nær kvarandre, gler seg når den vesle kroppen ligg der.
Fosterkleda vert etne opp, kroppen slikka rein og mora vil ha den vesle på beina. Alt slit vert gløymd når to små har funne kjelda til vekst.
I nokre minutt masserer synet sinnet.
Lydane frå menneska på søndagstur trengjer på nytt inn til det lune fjøset.
Ei ny klynge med krokus sprett opp og ei ny mor stønner og brukar krefter på det nye livet.
Tempoet stig, dagane aukar steglengda. Menneska brettar opp ermane og tek fatt på tankane frå i vinter. Løyser det praktiske problemet som verka så umogleg. Gliser mot sola og kjenner uroa sleppe taket.