Når eg ser ei nype, tenkjer eg på mor mi

Ho tar den enkle frakken utanpå forkleet, tek med seg bandet, bikkja og stryk på dør

Ut i den fine haustsola og den fine dagen. Ruslar runden med hunden og stoppar ved kvar nypebusk og plukkar med seg raude, modne nyper heim

Kanskje står brøda i omnen medan ho ruslar med hunden. Når ho kjem attende, heng ho frakken i skapet i gangen og vips er ho klar, med forkleet på seg og med lommane fulle av nyper.

Det var vist ein fin dag dette, for brøda er godt steikte, det var bra ho fekk dei ut av omen no.

Fire brød tett i tett i ei langpanne.

Og så skjer det slik det alltid gjer. Skrammel og spetakkel og så er dei ute. Varmt alt saman. Dei brekkast frå kvarandre og leggast på den gamle rista.

Brøda er ute av omnen og i forklelommane er det nyper.

Dei for no plass i den varme omnen medan den kjølar seg ned. Ho nyttar varmen frå omen til å tørke nypene ho har med heim så lenge det finst nyper på buskane.

Dette gjentek ho mange gongar. Frakken, forkleet, bandet, bikkja, haustsol, røsslyng og sjølvsagt raude nyper. Produksjonen går sin gang og nypene leggast i gule Nesquickboksar som av seg sjølve finn vegen ned i matboda.

Den nypesuppa ho serverer med krem i, er slik som saknet etter ho, Mor mi så varmt og godt, men ikkje heilt utan ein bitter smak.